top of page
YR_Bokhandeln_mat_print_049.jpg

VÅGÅ

JOTUNHEIMEN

About

Bokhandel'n Kafé & Mathus

Matfat for ein kvar smak

I hjarta av vakre Vågå øvst i Gudbrandsdalen finn du Bokhandel'n Kafé & Mathus. Med historiske tømmerveggar som rame kring stemningsfulle serveringslokal.

 

Velkomen til bords i lokalmatfatet Vågå.

News
image (5).jpg

Mathuset

Lunsj & middag

Solide og ekte måltid tufta på tradisjonar og lokale råvarer. Der har du kjerna i menyen på Bokhandel'n.  Lunsjmeny og ala carte middagsservering. 

Alt på menyen kan bestilles som take away på +47 94 87 95 60

Anker 1

Handverk frå botn

Pizza

Deigen på Bokhandel'n blir elta fram frå botn og toppa med lokale råvarer. Pizzaen blir tilverka i steinomn på både italiensk og amerikansk vis, med raud og kvit saus. 

YR_Bokhandeln_mat_web_036.jpg
received_718168125857227.jpeg
Anker 3

Brygg

Kaffebar & vinrom

Der det er vinrom er det husrom - og der ein barista er i sving blir det verkeleg god kaffe. Kring den godt brukte høvelbenken på Bokhandel'n er atmosfæra optimal for å nyte eit glas frå vinrommet, eller ein dampande cappuccino frå espressobaren. Åleine eller i god selskap, på farta eller

heile kvelden. Santé!

Anker 2
image (1).jpg

Selskap & møte

Trivelege lag

Dåp, konfirmasjon, bryllup, gravøl og alt der i mellom: I nydeleg innreia lokal midt i Vågåmo legg vi til rette for selskap og sosialt samver for grupper, familiar, bedrifter og alle andre som ynskjer å samles over stuttreist og solid mat tufta på lokale tradisjonar.

Anker 2
Vågå_sentrum_vågåmo_bokhandeln_kafe_spis

I sentrum av fjellbygda Vågåmo finn du innbydande kafear og isbar, gode restaurantar og kjøttforretning, nisjebutikkar, elektro- og daglegvarebutikkar,  kunstgalleri, handverkssenter, bowling og turistinformasjon kring ei triveleg sommargågate.

Rett ved Bokhandel'n Mathus ligg praktfulle Vågå stavkyrkje, der dei eldste elementa er frå 1100-talet. Ein stutt rusletur frå sentrum ligg vakre Vågåvatnet, med utleige av robåtar og jetboard, og flytande badstue for leige.

 

Eit besøk til Ullinsvin historiske prestegard med velrennomerte Galleri Ullinsvin, salsutstillingar, museum, kafé og unik urtehage er og eit godt tips. I sentrum finn du Smedsmo badedam, Villa sykkelpark, fine leikaplassar og parkområde.

 

Fisket i Vågåvatnet og utoset er viden kjend, i alle dalsider venter rå stisykling, og både i bygd og fjellheim er vinteren eventyrleg, med alpint, langrenn, skøyter og vårskiturar til langt ut i mai. 

Vakre, viltre og nasjonalromantiske Vågå er eit eventyr året rundt!

dji_fly_20230612_110212_806_1686560660838_photo_optimized-kopi.jpg
Contact

La høyre frå deg!

Vakre og viltre Vågå er eit eventyr du bør unne deg og dine å oppleve. Ta kontakt, så syr vi saman eit opphald med ingredienser frå øvste fjellhylle 

bottom of page