285164464_2797636653866014_2436167820980759189_n.jpg

Bakeri

På Bokhandel’n Bakeri & Mathus fører bakermeister Jo Hesthagen dei fremste bakstetradisjonane i dalføret vidare ved å nytte kun surdeig og økologisk mjøl i baksten.

Slik gudbrandsdølar har gjort i generasjonar.

2.png
198693074_10221888611939153_1435798933754989213_n.jpg
60585141_10215931165406713_6370949647011151872_n.jpg

Bakermeister 
Jo Hesthagen

Kjernekar elta fram i Garmo – bygda med verdas høgaste tettheit av framifrå bakere og spelemenn.
Etter nokre år med gjæring i Bakeriet i Lom, tok Jo vegen innom oppstarten av Lillehammer Bakeri og Handwerk i Oslo, før han no toppar reisa med minihus i Garmo og maksimalt bakeri i Vågå.

292401018_1075265993082701_5232848629744449114_n.jpg

Bakeriutsal

Baksten kan du anten nyte på Bokhandel'n eller kjøpe med heim.

Vi fyrer opp baksteomnen fem dagar i veka og sel fersk bakst tysdag til laurdag frå kl 11 og så lenge lageret rekk. 

76705156_2480010125602188_9054014849238958080_n.jpg