bokhandelen_0011_edited.jpg

Bokhandel’n søkjer servitør

Bokhandel'n søkjer kokk

Bokhandel’n Bakeri & Mathus ligg i hjarta av vakre Vågå øvst i Gudbrandsdalen. Med historiske tømmerveggar som rame kring totalrenovert serveringslokal, kjøken, kaffebar og vinrom av særs høg standard skal Bokhandel’n toppe menyen med nytt bakeri.

Du blir del av eit spanande og spissa lag av dyktig og ambisiøs kjøkensjef, kokkar, bakar og servitørar. Er du tilflyttar hjelp vi deg gjerne til rette i bygda med bustad og temmeleg sikkert arbeid til din betre halvdel.

Vakre og vitale Vågå er i særs positiv utvikling, med ei rekke nye tilbod og etableringar som bygger opp under bygda som bustad, reisemål og kulinarisk destinasjon. Dette er din unike moglegheit til å kokke og bu i stimulerande miljø i fjellheimen!

Stilling: Kokk

Bokhandel’n Bakeri & Mathus søkjer kokk i full stilling fram til august – med moglegheit for forlenging.

På Bokhandel’n Bakeri & Mathus blir du del av eit toppa lag i hjarta av lokalmatfatet Vågå. Din kjøkensjef Matias Kolari har bakgrunn frå restaurantar som Annen Etage, Ekebergrestauranten, gastropuben Grisen og Bagatelle.

Du er kvalitetsbevisst med genuin interesse og engasjement for faget og ynskje om å utvikle eit kjøken med kvalitet og service du er stolt av. Du er ansvarsfull og punktleg, positiv og serviceinnstilt. Du arbeider sjølvstendig og er løysingsorientert, og tenkjer gjerne kreativt.

Fagleg står du støtt, med relevant arbeidserfaring. Du har generelt god kunnskap om kokkefaget og drift av kjøken.

Arbeidet trivst du med. Ditt hovedansvar er å inngå i team med kjøkensjef og to kokkar, samt dagleg leiar som og er kokk av yrke.

 

Vilkår blir vi einige om. Bokhandel’n Bakeri & Mathus tilbyr konkurransedyktig løn. Du får stort ansvar og høve til personleg utvikling i tett samspel med unge, dyktige kolleger.

Livet er til for å leve. I vakre og vitale Vågå ligg alt til rette for eit kompakt kvardagsliv med alle tenester og tilbod i rusleavstand frå arbeidsplassen, skular og fritidstilbod. Kjøpekrafta er god med moderate utgifter til bustad, transport og fritidsaktivitetar. I sum eit smått eventyrleg daglegliv krinsa av slåande vakkert kulturlandskap og toppa av Jotunheimen med alpinanlegg, langrennsløyper, stisykling, toppturar, hundekjøring, rafting og frilufsliv nok for meir enn ditt. Er du interessert, bistår vi gjerne med å finne bustad og jobb til livsfølgje.

Bokhandel’n Bakeri & Mathus oppfordrer lokale til å søke!

 

Søknadsfrist: Fortløpande. Oppstart etter avtale.

Søknad og CV sender du til bokhandelnkafe@gmail.com

 

Nysgjerrig på bakeriet og livet i fjellbygda Vågå? Dagleg leiar Hans Marius Slettten Nuvstad tek gjerne ein prat på 455 00 672