IMG_20220410_114612 (1).jpg

Bokhandel’n søkjer servitør

Bokhandel'n søkjer servitør

Bokhandel’n Bakeri & Mathus opna i påska dørene i hjarta av fjellbygda Vågå øvst i Gudbrandsdalen – og mottakinga har vore overveldande og positiv. Med historiske tømmerveggar som rame kring totalrenovert serveringslokal, kjøken, kaffebar og vinrom av særs høg standard skal Bokhandel’n toppe menyen med nytt bakeri 30. april.

Bokhandel’n skal by gudbrandsdølar og tilreisande på måltid og kultur-opplevingar som lyfter kvardag og fest. Med deg på laget er vi visse på å innfri.

 

Du blir del av eit spanande og spissa lag av kjøkensjef, kokkar, bakar og servitørar. Er du tilflyttar hjelp vi deg gjerne tilrette i bygda med bustad og temmeleg sikkert arbeid til din betre halvdel.

 

Vakre og vitale Vågå er i svært positiv utvikling, med ei rekke nye tilbod og etableringar som bygger opp under bygda som bustad, reisemål og kulinarisk destinasjon. Dette er din unike moglegheit til å servere og bu i stimulerande miljø i fjellheimen!

Mottakinga for nye Bokhandel'n Bakeri & Mathus er overveldande – vil du vere med på oppturen?

​​​Bokhandel’n Bakeri & Mathus søkjer servitør i full stilling.

På Bokhandel’n Bakeri & Mathus blir du del av eit toppa lag i hjarta av lokalmatfatet Vågå, i eit sentrumskvartal i særs spenstig og spanande utvikling.

Du er kvalitetsbevisst med genuin interesse og engasjement for faget og ynskje om å utvikle eit mathus med kvalitet og service du er stolt av. Du er ansvarsfull og punktleg, positiv og serviceinnstilt. Du arbeider sjølvstendig og er løysingsorientert, og tenkjer gjerne kreativt og offensivt.

Fagleg står du støtt, med relevant arbeidserfaring. Du har generelt god kunnskap om service, gjestehandsaming og hygiene.

Kommunisere gjer du godt og ærleg, på eit nordisk språk eller engelsk. Dialekt? Meir enn gjerne!

 

Arbeidet trivst du med. Ditt hovedansvar er servering og gjesteservice.

Vilkår blir vi einige om. Bokhandel’n Bakeri & Mathus tilbyr konkurransedyktig løn. Du får stort ansvar og høve til personleg utvikling i tett samspel med unge, dyktige kolleger.

Livet er til for å leve. I vakre og vitale Vågå ligg alt til rette for eit kompakt kvardagsliv med alle tenester og tilbod i rusleavstand frå arbeidsplassen, skular og fritidstilbod. Kjøpekrafta er god med moderate utgifter til bustad, transport og fritidsaktivitetar. I sum eit smått eventyrleg daglegliv krinsa av slåande vakkert kulturlandskap og toppa av Jotunheimen med alpinanlegg, langrennsløyper, stisykling, toppturar, hundekjøring, rafting og frilufsliv nok for meir enn ditt. Er du interessert, bistår vi gjerne med å finne bustad og jobb til livsfølgje.

Bokhandel’n Bakeri & Mathus oppfordrer lokale til å søke!

 

Søknadsfrist: Fortløpande. Oppstart etter avtale.

Søknad og CV sender du til bokhandelnkafe@gmail.com

 

Nysgjerrig på bakeriet og livet i fjellbygda Vågå? Dagleg leiar Hans Marius Slettten Nuvstad tek gjerne ein prat på 455 00 672