YR_Bokhandeln_rom_004.jpg
Logo_Småskala-bruk-Hvit-_sov-lodge-300x166.png

Boutique Hotel

To historiske gjestehus og smakfulle spisestader samla til eitt særprega boutique hotell i hjarta av fjellbygda Vågå.

Velkomen til eventyrlege Vågå - fjellbygda med fleste verneverdige tømmerhus i Nord-Europa.

I vårt vesle og innhaldsrike sentrumshotell går du mellom historiske tømmerhus og innhaldsrik sveitservilla for å få servert matopplevingar, kvile og samvær frå øvste hylle.

På SOV Lodge vel du mellom fire suitar og 10 dobbeltrom fordelt på to gjestehus. Tingar du frukost, får du servert denne i felles peisestue i hovedhuset.

Vi formidlar også overnatting i Violinmakerens Gjestehus - Søre Bu.
Du kan bestille overnatting her.

Lunsj og middag får du servert hos våre gode naboar Bokhandel'n Mathus eller restaurant Andre Etasje – begge vel verdt turen i seg sjølve. 

YR_Bokhandeln_rom_web_002.jpg
  • Velg mellom tre suiter og eitt dobbeltrom som kan leigast enkeltvis eller kombinerast og nyttas som større leiligheiter.

  • Tingar du frukost, blir denne servert i peisestua på SOV Lodge

  • Lunsj og middag i fyrste etasje på Bokhandel'n Mathus, over vegen hos Restaurant Andre Etasje eller sjølvhushald

image (2).jfif
  • Velg mellom Villreinsuita med to soverom eller mellom ni særprega dobbeltrom i tømmerhus med særprega atmosfære. 

  • Tingar du frukost, blir denne servert i peisestua

  • Lunsj og middag hos naboane Bokhandel'n Mathus eller Restaurant Andre Etasje.